Slik såg det ut på Bergo etter ein periode med intens nedbør i starten av mars i fjor.
Harald Stadheim
-Det er stort nedslagsfelt av nedbør frå fjellsidene over Bergo og i området – kombinasjonen av dette med lite fall mot fjorden og avgrensa kapasitet på dreneringsrøyra er årsakene til at det blir episodar med mykje overflatevatn som står på markene her. Det har i nokre tilfelle ført tilvasskadar på bygningar, forklarar kommunalsjef teknisk, plan og eigdeom i Lærdal kommune, Harald Stadheim.
For ganske nøyaktig eitt år sidan vart det trøbbel med nettopp mykje overflatevatn på Bergo etter ein periode med intens nedbør.
Open grøft og nytt røyr
Riksveg 5 går som kjent gjennom området, og no vil Statens Vegvesen gjera og finansiera eit større tiltak for å betra dreneringa. Hovudsakleg er det snakk om to grep:
Det eine er at den delen av dreneringa gjennom markene frå Bergo og vestover som i dag går i røyr under bakken, skal opnast så alt vatnet går i ei opa grøft i staden. Det vil både auka kapasiteten i seg sjølv, og gjera at vatnet renn betre unna når fallet altså er marginalt.
Det andre er å dobla kapasiteten i siste del av dreneringssystemet – der den opne grøfta går over til røyr i bakken. I dag går vatnet ut i fjorden gjennom eitt røyr, som passerer Esso-stasjonen i bakken. No er planen å laga eitt røyr til i jorda som får trase noko lenger aust enn eksisterande røyr, før det altså endar i fjorden.

Oppstart i løpet av våren
-Me ønskjer å få utforma grøfta over markene slik at ein kjem over med både traktor og reiskap – ein skal også kunne slå gras i grøfta med den dimensjoneringa som er tenkt. Altså ei temmeleg slak og brei grøft i så måte, forklarar Stadheim.
Det har no vore møte mellom kommunen, Vegvesenet og dei næraste naboane til det planlagde tiltaket. Alle er positive, så etter planen skal arbeidet starta i løpet av sommaren og vera ferdigstilt før årsskiftet
-Me er svært glade for at Statens Vegvesen utbetrar dette problemet no.