Krimserie blir spelt inn i Lærdal - to dagar blir det litt omkøyringar

2. og 3.september blir deler av sentrumsgata sperra av.

Forfattar Jørgen Jæger og hovudrolleinnehavar Kristofer Hivju framfor Jæger sin bil med nummerskiltet «Ole Vik».  - Klikk for stort bildeForfattar Jørgen Jæger og hovudrolleinnehavar Kristofer Hivju framfor Jæger sin bil med nummerskiltet «Ole Vik». Nordisk Film Production/TV 2.

Nordisk film spelar i desse dagar inn serien «Mord i Sogn» rundt om i Sogn. Serien er basert på bergensforfattaren Jørgen Jæger sine krimbøker der Ole Vik er lensmann i ei norsk bygd.

I den filmatiserte krimserien er denne bygda altså delvis Lærdal, og sjølvaste Kristofer Hivju - kjent frå mellom anna Game of thrones og Beck - spelar lensmann Vik. Serien skal gå på TV2 neste år. 

Les meir om "Mord i Sogn ved å klikka på denne lenkja.

Vegsperringar og trafikkvakter

Det kjem til å vera aktivitet og filming til fram til 10. september. Filminga vil gå føre seg fleire stader i kommunen, og 2.- 3.september blir det filming midt i sentrum, hovudsakleg i og rundt rådhusplassen.

Filminga vil prega sentrumskjerna desse to dagane, mellom anna vil ein del av sentrumsgata (Gata som har namn «Øyraplassen») bli sperra av. Det kjem til å fungera slik (sjå kart under kulepunkta):

  • Det blir ei sperring over gata Øyraplassen ved nordenden av Lærdal rådhus. Parkeringsplassen mellom rådhuset og Kiwi vil vera open, men når ein køyrer ut frå parkeringsplassen kan ein ikkje køyra gata Øyraplassen sørover mot Telegrafen – ein må køyra tilbake forbi Kiwi og vidare på Grandavegen (vestover) eller Vetla-Elvi (austover).
  • Det blir sperring frå Lærdal brukthjørna og over til nordenden av Coop Extra.  I tillegg blir det sperring i Bondehagsvegen, altså «blindgata» mot parkeringsplassane mellom Lindstrøm hotel og rådhuset. Og det blir sperring i Hillegård mellom nordenden av Coop Extra og Sogn sparebank/Lærdal politistasjon.
  • Dei aller fleste parkeringsplassane langs gata Øyraplassen mellom Coop Extra og Lindstrøm hotel blir haldne ope, men nokre få lengst nord blir innanfor sperringa og såleis stengde. Alle parkeringsplassane mellom Lærdal rådhus og Sogn sparebank/Lærdal politistasjon blir stengde, medan dei utanfor Elisebygget/helsesenteret/apoteket blir haldne opne, dei fleste utanfor Kort og Godt blir også haldne opne. Parkeringsplassane Coop Extra har på austsida - mellom Øyragata og Hillegård blir upåverka, altså haldne opne og tilgjengelege.
  • Det vil vera omkøyring for tungtransport og bussar via Vetla-elvi og Mari Jakobvegen eller Grandavegen (til rv. 5). Busshaldeplassen ved Frilund ungsomshus for påstigning på vestgåande ruter blir utanfor omkøyringsruta, næraste haldeplassar blir Lærdal rådhus og Hauge kyrkje.  Tungtrafikk som må inn i sentrumskjerna på grunn av t.d. varelevering slepp gjennom, og dette blir så langt som råd avtalt direkte via bedriftene vareleveringa skal skje til.
  •  Me oppmodar folk om å unngå gateparkering i Vetla-Elvi og Mari Jakobvegen i tidsromma desse vegane blir brukt som omkøyringsrute – sidan desse gatene då får meir trafikk.

Det er i desse tidsromma at sperringane og den styrte trafikkavviklinga vil gjelda:

2.september, klokka 09:00-20:30

3. september, klokka 08:00-14:00

(Sperringane kan bli oppheva til noko tidlegare klokkeslett, men dette er utgangspunktet)

Sjå kartet der sperringane er markerte med raude strekar. Omkøyringsruta via Vetla-Elvi og Mari Jakobvegen er markert med blå strek, omkøyringsruta via Grandavegen til rv 5 er markert med grøn strek. - Klikk for stort bildeSperringane er markerte med raude strekar. Omkøyringsruta via Vetla-Elvi og Mari Jakobvegen er markert med blå strek, omkøyringsruta via Grandavegen til rv 5 er markert med grøn strek. Utsnitt frå Norgeskart

Det avsperra området er såpass avgrensa at det framleis bør vera god kapasitet på parkeringsplassar i sentrum, og det er altså gode omkøyringsalternativ. Likevel oppmodar me om å planleggja køyreturen til sentrumskjerna i forhold til vegsperringane og tidsromma desse vil vera oppe.

Folk som skal på jobb i sentrum denne dagen kan gjerne nytta alternative parkeringsplassar – til dømes parkeringsplassen på nordsida av Grandavegen, som blir mest brukt av besøkjande på kulturhuset/villakssenteret.

Vidare vil det også vera vakter rundt det avsperra området ved rådhusplassen som vil syta for at gåande ikkje kjem inn i scenene som blir filma.

Vera statist eller ta anna betalt oppdrag?

Me beklagar ulempene dette medfører, men håpar folk tykkjer det er stas at ein stor krimserie blir filma i Lærdal. Vidare treng Nordisk film folk som kan ta einskildoppdrag både som statistar og til ymse hjelpefunksjonar i perioden dei er i Lærdal. Dette er betalte oppdrag.