Korleis skal framtidas Lærdal sjå ut?

Lærdal kommune inviterer til innspelsmøter om arbeidet med ny samfunnsdel i kommuneplanen.

Løytnantsbryggja - Klikk for stort bileteLøytnantsbryggja Ole Ramshus Sælthun

 

Lærdal kommune er i full gang med å revidera samfunnsdelen for kommuneplanen. Planprogrammet er ute på høyring no og administrasjonen har satt i gang arbeidet med å henta inn innspel. 

 

 

 

 

Difor vert det lagt opp til tre innspelsmøter i kommunen i løpet av dei neste vekene. Her ynskjer me at så mange som mogeleg skal komma og dela tankar, idear og ønskjer for framtida i bygda! Alle innspel blir viktige for å forme samfunnsdelen – di stemme tel.

 

Kva er samfunnsdelen?

Samfunnsdelen i kommuneplanen legg føringar for utviklinga av Lærdal dei neste åra. Her blir mål, verdiar og satsingsområde for kommunen bestemt – basert på innspel frå innbyggarane.

 

Tid og stad for innspelsmøta:

- Tysdag 30. september kl. 18.00 – Borgund samfunnshus

- Måndag 13. oktober kl. 18.00 – Ljosheim grendehus

- Onsdag 15. oktober kl. 18.00 – Frilund ungdomshus

 

Program:

- Velkomst og introduksjon til samfunnsdelen

- Inspirasjonsinnlegg frå lokale aktørar

- Framtidsverkstad og gruppearbeid

- Pause med servering

 

Me ønskjer brei deltaking frå alle delar av bygdene, både unge, eldre, næringsliv og frivillige. Velkomen til innspelsmøte – di meining er viktig!

 

Det er også mogeleg å komma med innspel allereie gjennom å sende dei inn til kommunen gjennom å fylle ut eit skjemaet som er lenka til under.

Skjema for innspel

Kontaktkort

Trine Grøttebø
Kommunalsjef samfunn, kultur og næring
E-post
Telefon 92 22 38 74