Kåffikoppen blir torsdag 23. oktober

Ordførar og varaordførar stiller med kaffi og twist ei veke tidlegare enn normalt.

Kåffikopp med ordførar og varaordførar - Klikk for stort bileteKåffikopp med ordførar og varaordførar Ole Ramshus Sælthun

Det vil seia - “Kåffikopp med ordførar og varaordførar”  vart ikkje noko av i september, og siste torsdag denne månaden var ikkje mogleg å få til. Difor blir den første runden med dette tilbodet i haust no torsdag 23. oktober - som vanleg frå klokka 18 til 20 i 1.etasje på rådhuset. 

Det har jo skjedd litt av kvart både lokalt, regionalt og nasjonalt so langt denne hausten. So har du som innbyggjar noko på hjartet av smått eller stort er det berre møta opp for ein prat med ordførar Audun Mo og varaordførar Janne Marie Reppen.