Internasjonal bygdekveld 10 år! No kan du bestilla gratisbillettInternasjonal bygdekveld har tiårsjubileum - og me treng fleire som vil laga mat til denne fleirkulturelle festen.Frå internasjonal bygdekveld 2026 Oleg Ovcharuk I år blir Internasjonal bygdekveld tysdag 24. februar frå kl. 18 i kulturhuset. Programmet blir slik:Kl. 18 - ca 19: Sceneprogram med musikk, song og dans i kultursalen. Her må ein bestilla gratisbillett for å vera sikra plass - klikk på denne lenkja for å bestilla billett! Ca kl. 19 - ca kl. 20: Matservering med smakar frå ulike verdshjørne i vestibyeln i kulturhuset. Her treng ein ikkje billett.Me treng fleire til å bidra med mat frå sitt heimland! Så om du sjølv har lyst til å laga noko eller kjenner nokon frå andre land du vil tipsa om opplegget til, er det supert! Den som vil laga mat til arrangementet får refundert utgiftene til innkjøp av råvarer, opp til ein viss sum. Om du syng, spelar eller dansar så har me også plass til eit par nummer til i sceneprogrammet. Fyll ut skjemaet under dersom du vil bidra - eller ta kontakt med Ole Ramshus Sælthun (Kontaktinfo nedst i artikkelen) Internasjonal bygdekveld vart arrangert første gong i 2016, so det er 10-årsjubileum i år!Arrangementet er eit samarbeid mellom kulturskulen, vaksenopplæringa, flyktningtenesta og kultur i Lærdal kommune.