Informasjonsmøte om nytt gjødselregelverk

Stad: Lærdal Rådhus (kommunestyresalen)
Tid:   28. januar, kl. 18.00-20.00  

Gamle fritak for gjødslingsplan oppheva, og det er kome nye grenser for når det er krav om gjødslingsplan. No skal alle dokumentere eiga gjødsling og det er strenge krav til maks mengde fosfor i gjødslinga

Velkomen til samling!

Program:
Øyvind Vatshelle frå Statsforvaltaren i Vestland og Marit H. Halsnes frå Norsk landbruksrådgiving fortel om regelverk og det praktiske. 

Bonde Ole Bjarne Hovland frå Årdal og bonde Lars Inge Vik frå Lærdal syner korleis dei held oversikt over kva gjødsel og sprøytemiddel dei brukar, kor og kor mykje. 

Det vert enkel servering

Fint om du kan gje beskjed om eventuelle allergiar.

Påmelding innan 20. januar til beate.stolen@laerdal.kommune.no  

Informasjon på sida til Statsforvaltaren i Vestland:

Nye krav til gjødslingsplan og gjødseljournal frå 2026 | Statsforvaltaren i Vestland

Nokre nye punkter frå regelverket:

  • Alle må skrive gjødseljournal frå og med 2026
  • Dokumentasjon for husdyrgjødsel som blir gitt vekk
  • Endring i kven som må ha gjødslingsplan
  • Krav om jordprøver
  • Tidlegare fritak gjeld ikkje lenger
    • Tidlegare vedtak om fritak frå krav til gjødslingsplan eller løyve til å ha fleirårig gjødslingsplan er oppheva frå 1. januar 2026, når forskrift om gjødslingsplanlegging er oppheva.
    • Eventuell dispensasjon frå kravet om gjødslingsplan
    • Du kan ikkje lenger søke til kommunen om fritak frå krav om gjødslingsplan, slik ein kunne til og med 2025. I særlege tilfelle kan du likevel søkje Statsforvaltaren om dispensasjon frå kravet. Dette kan til dømes vere aktuelt ved ekstra ekstensiv drift. Kvar søknad blir vurdert for seg. Det vil bli utarbeidd eit eige søknadsskjema for dette.  

 

Gjødselspreiing Olav Bjørkum, Natvik gard