ID-kontroll i Lærdal 28. juli - informasjon og påmelding

Skatteetaten kjem til Lærdal rådhus 28. juli for ID-kontroll. Påmelding på e-post til beate.stolen@laerdal.kommune.nosnarast og seinast 19. juli. 

Etter dette må ein avtale time i Leikanger direkte med Skatteetaten.

Informasjon me treng;
1. Arbeidsgjevar:
2. E-post til arbeidsgjevar:
3. Namn på arbeidstakar:
4. Fødselsdato til arbeidstakar (ddmmåååå):
5. Statsborgarland:
6. D-nummer:

Sogn frukt og Grønt sine medlemmar sender inn liste til Inghild Lysne Sanden (innan 10. juli).

Informasjon frå Skatteetaten

Før kontrollen:
Søk om skattekort for personane via elektronisk skjema 1355
skattekortsøknadane må kome elektronisk, og arbeidskontrakter må lastast opp i dei søknadane

På kontrolldagen:

  • Ha med ID-dokument, kan eventuelt i tillegg ta med fargekopiar av id-dokumenta
  • Om dei vil melde seg ut av kjeldeskatt: Ta med utfylt skjema for utmelding
    - Utmeldingsskjema: (norskengelsk)

Etter kontrolldagen:

  • Vi produserer d-nummer, og sender dette ut til arbeidsgivarane

Om nokon har utfordringar etter kontrollen med skattekort eller d-nummer, skriv ein e-post til skranke-leikanger@skatteetaten.no.

Kven kan møte til ID-kontroll?  

  • Vi tilbyr berre timar for personar som treng ID-kontroll. Altså:   
  • personar utan d-nummer  
  • personar med d-nummer som ikkje registrert som ID-kontrollert  
  • personar med d-nummer som må reaktiverast  
  • personar som skal melde flytting til Noreg

Reaktivering av d-nummer 
Det kan vere at også personar som allereie har d-nummer må møte på ID-kontroll på grunn av reglane om reaktivering. Dersom personen ikkje har vore på ID-kontroll på 5 år, må d-nummeret reaktiverast.

Viktig informasjon om arbeidstakar utanfor EØS 
Vi vil legge til at personar som ikkje kjem frå EØS-land må ha arbeidsløyve i Noreg