Arbeid med gatelys i veke 39

Det vert arbeid på gatelysa på Lærdalsøyri i neste veke.

Teknisk drift skal reparera gatelys som ikkje lyser i veke 39. Det kan difor forekomma lys på dagtid i enkelte lyktestolpar.

I tillegg er det registrert ein jordfeil frå rundkøyringa ved båthamna til Habben, denne er det også mål om å få reparert i løpet av veka.