Blautt eller hardt vatn?
Årsaka til at ein får det som vert kalla hardt vatn er hovudsakeleg høg konsentrasjon av kalsium (Ca) og magnesium (Mg).
I Norge er det lite hardt vatn, men i områder med kalkrike bergartar kan det førekomme i enkelte grunnvasskjelder. I Nordland, Troms og Finnmark og i ein del av austlandsområdet er det kalkholdig berggrunn, og grunnvatnet i slike område kan vere hardt.
Kor hardt vatnet er, vert definert av kor høg konsentrasjon det er av kalsium og magnesium. Om desse konsentrasjonane er høge så kan du oppleva bruksmessige problem. Høge konsentrasjonar vil gje eit gråkvitt belegg på glas, kjelar, i kaffetrakarar, vaskemaskiner og oppvaskmaskiner. Ved vasking kan du og erfara at såpe skummar dårleg.
Norske vassverk oppgjer hardheit i tysk gradering av hardheit (°dH) eller i milligram kalsium per liter (mg Ca/l, inkludert magnesium). Grensene mellom blautt og hardt vatn er ikkje eksakte, og tabellen under viser «hardheitsklasser» som ofte blir brukt i Norge som inndeling av kor hardt vatnet er.
Drikkevassforskrifta har ikkje krav til maksimalt innhald av kalsium, magnesium eller total hardheit på vatnet, då det ikkje er helsemessige ulemper knytt til hardt vatn.
Resultatet av analysar på innhaldet av kalsium og magnesium i drikkevatnet i Lærdal, gjennomført i juni 2024, syner i tabellen under:
Prøvetaking
SognLab utfører kjemiske og bikrobiologiske labratorieanalysar, prøvetaking og rådgjeving innan områda drikkevatn, matvare, vassdrag og avløpsvatn.