Lærdal strikkefestival

Velkommen til Lærdal strikkefestival 16.–18. januar! Festivalen samlar strikkeglade til ei helg med inspirasjonsføredrag, strikkekino, yoga, guida vandring og sosialt samvær. I tillegg blir det garn- og strikkemarknad, pizzabuffet og kviss.

Kjøp billett

 

Program

 

Fredag 16. januar

Kl. 18.00: Strikk og drikk // Laksen bakeri og kafé

Uformell samling med strikketøy og noko godt i glaset. Møt andre strikkeglade på Laksen bakeri og kafé. 
 

Kl. 20.00: Strikkekino // Kultursalen (inkl. i festivalpass eller eigen billett)

Kos deg med film og strikketøy i kultursalen. Film vert annonsert seinare.

 

Laurdag 17. januar

KL. 12.00: Strikkeyoga // Villakssenteret (inkl. i dagspass/festivalpass)

Ei roleg og lett yogaøkt på 20 minutt, spesielt laga for strikkarar! Me løyser opp i nakke, skuldre, armar, fingrar og rygg - områda som ofte blir stramme når me strikkar mykje. Økta passar for alle, krev ingen forkunnskapar, og du blir verken sveitt eller andpusten. Berre mjuke rørsler, ein god dose avspenning og nokre herlege strekk som gjer kroppen klar for meir strikkeglede. Ta med deg sjølv akkurat som du er – stiv, mjuk eller midt imellom – og gi kroppen ein liten pause.

 

KL. 12.00-18.00: Garn og strikkemarknad // Kunstfoajeen (gratis for alle)

Utforsk garnprodusenter, strikkebutikkar og strikketilbehøyr.  Gratis inngang og ope for alle. Sjå liste over utstillarar lengre ned i programmet.

 

Myrudl illustrasjonsbilde - Klikk for stort bilete

KL. 13.00: Inspirasjonsføredrag – Frå sau til garn med Myrudl // Kultursalen (inkl. i dagspass/festivalpass)

Siri Engan og Gunn Tuxen Wester Bø fortel historia om korleis dei har starta lokal garnproduksjon i Vik i Sogn. Med handplukka ull frå Seljadalen Sau og plantefarging med råvarer frå naturen, har dei skapt garn med særpreg og kvalitet. Foredraget gir innblikk i prosessen frå ull til nøste – og korleis lidenskap for handverk og natur har blitt til ei eiga verksemd med sjel.

 

Kl. 14.30: Inspirasjonsføredrag - Strikketerapi med Neeta Myrseth Parmar // Kultursalen (inkl. i dagspass/festivalpass)

Neeta Myrseth Parmar er samtaleterapeut som brenn for arbeid med sjølvkjensle.  Her får du innsikt i korleis strikking kan vera ein inngang til sjølvutvikling og mental ro. Ho deler erfaringar frå sitt arbeid og gir deg konkrete verktøy for å styrka sjølvkjensla gjennom kreative prosessar. Du får også høyre om korleis strikk og terapi er kombinert i konseptet Strikketerapi.

 

Birger Berge - Klikk for stort bilete

Kl. 16.00: Inspirasjonsføredrag – Nordisk mønsterstrikk med Birger Berge // Kultursalen (inkl. i dagspass/festivalpass)

Birger Berge med sin store følgarskare på Instagram er forfattaren bak bøkene Moderne tradisjonsstrikk og Nordisk mønsterstrikk. Med motto om at mønsterstrikk passar til alt, har han mellom anna strikka både bukser, onepiece og undertøy. Birger kjem til Lærdal for å snakke om inspirasjonen bak bøkene, om hobbyen, og om alt det rare du kan oppleve på «Knitstagram»

 

KL. 17.30: Strikkeyoga // Villakssenteret (inkl. i dagspass/festivalpass)

Ei roleg og lett yogaøkt 20 minutt, spesielt laga for strikkarar! Me løyser opp i nakke, skuldre, armar, fingrar og rygg - områda som ofte blir stramme når me strikkar mykje. Økta passar for alle, krev ingen forkunnskapar. Ta med deg sjølv akkurat som du er – stiv, mjuk eller midt imellom – og gi kroppen ein liten pause.

 

Kl. 18.00: Pizzabuffet på Laksen // Laksen bakeri og kafé  - krev eigen billett

Nyt ein smakfull pizzabuffet på Laksen bakeri og kafé etter ein innhaldsrik dag. Krev eigen billett, begrensa antal plassar.

 

Kl. 19.30: Kvisskveld med Birger Berge // Laksen bakeri og kafé– krev eigen billett  

Test kunnskapane dine om både strikking og allmennkunnskap i ein sosial og morosam kviss med Birger Berge! Det er plass til fem på kvart lag. Krev påmelding med eigen billett, begrensa antal plassar.

 

Søndag 18. januar:

Kl. 10.00: Badstu og bading i Sognefjorden // Auga (krev eigen billett)

Start dagen med avslapping i badstu og frisk fjordbading. Betaling og påmelding kjem seinare.
 

Kl 11.30: Guida vandring i Gamle Lærdalsøyri med stopp Eldhuset og Lærdal husflidslag (inkl. i festivalpass/dagspass søndag)

Opplev historiske Lærdalsøyri med guida tur og stopp hjå det lokale husflidslaget. 
 

Kl. 11.30: Guida omvising i Sogn kunstsenter // Sogn kunstsenter (inkl. i festivalpass/dagspass søndag)

Bli med på guida omvising i kunstutstillinga «Gal og genial?» av Lærdalskunstnaren Hans Gjesme. Omvisinga har fokus på bruken av kunst og kreativitet i samband med psykisk sjukdom.

 

Kl. 13.00: Inspirasjonsføredrag: Sjølvverdi eller sjølvkjensle med Neeta Myrseth Parmar // Kultursalen (inkl. i festivalpass/dagspass søndag)

Neeta Parmar Myrseth/Strikketerapi - Klikk for stort bilete

Sjølvverdi eller sjølvkjensle er den verdien me opplever me har som menneske. Kvifor er så mange av oss usikre på om me er bra nok? Måten me tenkjer, kjenner og handlar på, påverkar sjølvkjensla vår. Det gjer også erfaringar me har hatt gjennom livet. Korleis får me eigentleg god sjølvkjensle? Og kva er eigentleg forskjellen på sjølvkjensle, sjølvbilete og sjølvtillit? I dette føredraget får du både innsikt i korleis sjølvkjensle blir utvikla og praktiske verktøy for å påverka di eiga sjølvkjensle.

Neeta Myrseth Parmar er samtaleterapeut med lang erfaring og brenn for arbeid med sjølvkjensle. 

 

KL. 14.00 Takk for no!

 

Med atterhald om endringar.

Kontaktkort

Guro Nesse
Biblioteksjef/rådgjevar kultur
E-post
Telefon 95 89 49 53