Manntalet for Lærdal kommune vert lagt ut til offenleg ettersyn i andre halvdel av juli og blir liggjande fram til og med valdagen 8. september.
Manntalet ligg på Lærdal rådhus og ein kan ringja servicesentralen (tlf.: 57 64 12 00) for å sjekka om ein står i manntalet.
Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan uriktig er blitt innført eller utelete frå manntalet i kommunen, kan du krevja at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal vere skriftleg og grunngjeve.
Send kravet på e-post til post@laerdal.kommune.no, via e-dialog eller i brev til Lærdal kommune, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal