Røysta heime

Dersom du på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan røysta i eit vallokale, kan du be om å få røysta heime eller der du oppheld deg. 

Frist for å be om å røysta heime er torsdag 4. september kl. 12.00. 

Ta kontakt med sentralbordet i kommunen på telefon 57 64 12 00 i opningstida eller send ein e-post til post@laerdal.kommune.no.

To valmedarbeidarar vil komma heim til deg til avtalt tid og ha med seg nødvendig utstyr, inkludert eit røystesetelsett med listene til alle partia som stiller til val.

Veljarar som røystar heime må, som andre veljarar, kunna visa legitimasjon med namn, fødselsdato og bilete. Det vil ikkje vera mogeleg å røysta heime på valdagen, måndag 8. september.