Førehandsrøysting

Frå 11. august til 5. september kan du førehandsrøysta. Hugs å ta med legitimasjon!

I denne perioden vert det førehandsrøysting på tenestetorget i Lærdal rådhus. 

Måndag - fredag kl 10.00 - 14.00

Det blir også langope for førehandsrøysting torsdag 28. august kl 10.00 - 19.00. I tillegg blir det ope laurdag 30. august kl. 11.00 - 14.00

Vidare blir det særskilde dagar høve til å førehandsrøysta på helse- og omsorgsinstitusjonar.

Veljarar som på grunn av helse eller uførleik ikkje kan komma seg til vallokalet, kan be om å få førehandsrøysta heime.

Du kan førehandsrøysta i den kommunen du sjølv ynskjer. På valdagen, 8. september, kan du berre røysta i den kommunen der du er manntalsført (det vil sei i den kommunen du var registrert i folkeregisteret 30. juni i år).