Prisar og vassmålar

Husstandar eller bedrifter som har vassmålar må lesa av målarstanden og registrera verdien ei gong i året. 

Prisliste for vassabonnement - med og utan målar

Det er pr. 2024 om lag 80 abonnentar i Lærdal kommune som har vassmålar - dei som ikkje har vassmålar treng ikkje forhalda seg til det som står i avsnittet under.  

Slik les du av vassmålaren

Døme på SMS om vassmåling - Klikk for stort bildeDøme på SMS om vassmåling Skjermdump

A. Når telefonnummeret er registrert

Då vil du få ein SMS frå KomTek. Her blir du blir beden om å skriva inn målarstanden. Då skal du svara med berre siffera du les av på målaren, ikkje noko anna (Då får du feilmelding). Dersom du svarar med berre siffera får du ei stadfesting på SMS, og då er registreringa i orden - sjå eksempel på SMS her:

B. Når telefonnummeret ikkje er registrert

Abonnentar me ikkje har telfonnummer på i registera, vil motta brev frå Lærdal kommune. Her vil det stå instruksar om korleis du registrerer målarstanden. Essensen her er å leggja inn ein kode som står i dette brevet på leseav.no, i tillegg til sjølve målarstanden, avlesingsdato og mobilnummer. 

Det er altså anten A eller B som gjeld, du skal ikkje registrera målarstanden meir enn ei gong.

Har du bytt vassmålar i løpet av året?

Dei som har bytt vassmålar i løpet av året skal lese av den nye. Nokre vil då kunne få beskjed om at avlesinga må vere feil på grunn av lite forbruk. Viss du for eksempel har fått ny målar i september, vil det jo vise lite forbruk, men dette er riktig, så ikkje bry deg om beskjeden om feilen.

Forbruket for ny og gammal målar vil bli lagt saman. Vi går igjennom alle avlesingane og vil ta kontakt med abonnentane der  vi synes det er noko rart med avlesingane. Høyrer du ikkje noko, er alt i orden. 

Ønskjer du vassmålar?

Då må du ta kontakt med eit rørleggarfirma. Be dei om pristilbod på sjølve installasjonen. Vassmålaren leiger du av kommunen.

Kontaktkort

Alf Magne Hjellum
Ingeniør VA
E.