Brønn - privat vassforsyning

Er drikkevatnet trygt og reint?

Vi tilrår at du jamleg tar ein kvalitetskontroll av brønnvatnet/borevatnet ditt. Ta kontakt med eit laboratorium som vil hjelpe deg med prøveflasker og analysar, til dømes SognLab. Det er du som brønneigar som har ansvaret for eigen brønn og som må betale for laboratorieundersøkingar.

Ved ureina brønnvatn ta kontakt med Miljøretta helsevern.

Deler du brønn med naboen? 

Brønnar som gir drikkevatn til meir enn ein bueining (heilårsbustad/fritidsbustad), skal registrerast hos Mattilsynet.

I skjemaet registrerer du vassforsyningssystemets plassering ved å markere staden på kartet, og det er berre nokre få tilleggsspørsmål som skal svarast på. Det skal berre registrerast eitt skjema per brønn/borebrønn.

Kravet om registrering er heimla i drikkevassforskrifta § 17.