Avlaupsvatn frå hushaldningar

Det er berre papir, tiss og bæsj som skal kastast i toalettet.

Lærdal kommune har avlaupsanlegg på Steinklepp, Saltkjelen, Håbakken og Lærdalsøyri. Kommunen har vedlikehald og tilsyn med ni pumpestasjonar, to infiltralsjonsanlegg i tillegg til renseanlegget på Grandane. 

Prisliste for avlaupsabonnement

Mange i Lærdal har dessutan eigne/private avlaupsanlegg.

Kva er avlaupsvatn frå privat hushald?

Avlaupsvatn er vatn frå toalett, dusj, vasker, vaskemaskiner og innvendige sluk (kloakk).

Kva er ein privat avlaupsleidning? 

Private leidningar (stikkleidningar) og utstyr utanfor huset sin yttervegg som er tilknytt offentleg vatn- og/eller avlaupsanlegg.

Dine plikter som huseigar

  • Ved utskifting av kommunen sitt hovudleidningsnett kan kommunen krevje at du må bytte ut din private avlaupsleidning dersom den ikkje tilfredsstiller dagens krav.
  • Du må utbetre feil og manglar ved påvist lekkasje på privat avlaupsleidning.
  • Det er kun papir, tiss og bæsj som skal kastast i toalettet. Du må ikkje kaste kondom, Q-tips, kjemikaliar, medisinar eller våtserviettar i toalettet som kan skape problem for reinseanlegget eller hindre miljøvennleg bruk av slam.

Plikter og rettar er skildra i "Administrative bestemmelsar- Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp".

Kvifor skal ikkje feitt i avlaupet?

Feitt i avlaupsnettet er eit aukande problem, både i private og kommunale rør. Kvart år må Engeviken kommune bruke pengar og ressursar på problem knytt til feitt i avlaupsnettet.

Avlaupsnettet er bygd for å handtere vatn, tiss, bæsj og toalettpapir. Det hjelper ikkje at det vert nytta varmt vatn og såpe når fettet fjernast frå gryter og panner, for fettet vil stivne igjen når det kjem lenger ut i røyra. Feitt frå matrestar og matlaging tettar og skaper problem i rør og ved pumpestasjonar. Dette kan føre til tilbakeslag i toalett, oversvømmingar i kjellarar, lukt- og rotteproblem.

Slik fjernar du feitt- og oljerestar

Feittrestar etter steiking

Feitt i steikepanna fjernast med tørkepapir som kastast saman med matavfallet. På den måten unngår ein grisete oppvaskkum og panna er lettare å vaske.

Flytande matrestar og mindre mengder flytande feitt

Flytande matrestar og mindre mengder flytande feitt kan fint hellast rett i matavfallet saman med tørrt matavfall. Dersom ein er redd for at matavfallet skal lekke, kan ein ekstra pose nyttast. Alternativt kan feitt som ikkje stivnar samlast i tett emballasje (for eksempel i ein brukt melkekartong med tape eller ei flaske utan pant) og kastast i restavfallet.

Større mengder flytande feitt (frityrolje og matolje)

Dersom ein har store mengder med matolje eller frityrolje, skal dette samlast opp i ein plastkanne og leverast til Horisonts miljøstasjon.

Sjå opningstidene på Horisont sin heimeside.

Ribbefeit og anna feit mat

Feitt frå ribbe, pinnekjøt, smultgryte og liknande lar ein stå til det er avkjølt og stivna. Då er det berre å skrape av fettet og putte i posen for matavfall. Siste rest av feitt fjernast med tørkepapir før steikebrettet vaskast i oppvaskkummen.

Regelverk

Standard abonnementsvilkår, administrative og tekniske bestemmelsar ivaretek det gjensidige ansvarsforholdet mellom kommunen og den enkelte abonnent i samband med tilknyting til offentleg vatn og avlaupsanlegg. I tillegg sikrar dei bestemmelsane betryggande utføring av sanitærinstallasjonar og private vatn- og avlaupsanlegg.

Dei tekniske bestemmelsane kan bestillast hos Kommuneforlaget. 

Kontaktkort

Alf Magne Hjellum
Ingeniør VA
E.