SMS-varsling

Vi brukar eit varslingssystem for å nå innbyggjarar og verksemder. Vi varslar på SMS, e-post og talemelding til fasttelefon.

Har du mobiltelefon, får du SMS, mens abonnentar med fasttelefon som ikkje har mobil får ei automatisert talemelding.

Kvifor er dette nyttig for deg?

Vi varslar deg ved hendingar du treng å vite om. Det kan vere ved stenging av vatn, planlagde arbeid med vatn og avløp, stengde vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre omstende som krev rask informasjon.

Korleis finn kommunen deg?

Lærdal kommunes varslingssystem bruker tre register for å nå ut med informasjon til deg.

Privatpersonar

Kontaktinformasjonen blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet (tidlegare Difi). Vi tilrår deg å legge inn ditt mobiltelefonnummer og din e-postadresse i kontaktregisteret. Dei fleste førespurnader frå det offentlege hentar kontaktinformasjonen herfrå, til dømes til skattemeldinga.

Du kan oppdatere kontaktinformasjonen din via nettsida norge.no  

Bedrifter

Bedrifta som er registrert på gateadressa, blir varsla ut frå informasjon registrert i Einingsregisteret. Kontaktdata for bedrifter blir henta frå Altinn. Bedrifter med fleire adresser bør registrere desse som underenhet hos Brønnøysundregistera.

Du finn Brønnøysundregistera via heimesida brreg.no 

Tilleggsregister

Tilleggsregister kan du bruke dersom du ønskjer å motta varsel for ein bedrift eller for ein adresse som du ikkje er registrert med bustadsadresse på. Tilleggsregisteret brukast berre av din kommune. Det er derfor viktig at du oppdaterer informasjonen i tilleggsregisteret dersom du flyttar til ein annan kommune. 

Tilleggsregisteret finn du via nettsida varslemeg.no

Får du ikkje varsel?

  1. Er du folkeregistrert på di adresse? Sjekk di adresse i Folkeregisteret via deira heimeside.
  2. Har du oppdatert din elektroniske kontaktinformasjon?
    Oppdater din kontaktinformasjon via nettsida norge.no
  3. Hugs å melde flytting dersom du byttar adresse

Bur du på hybel, har hemmeleg nummer, eller jobbtelefon?

Adressedatabasen fangar ikkje opp personar med hemmeleg nummer eller jobbtelefon, eller som er folkeregistrert på annan adresse. Dersom du har hemmeleg nummer og ønskjer varsling, må du registrere deg i tilleggsregisteret. Kryss eventuelt av for hemmeleg nummer når du registrerer deg. 

Sårbare verksemder

Sårbare verksemder er til dømes bedrifter som er avhengige av vatn for å drive sin verksemd.
Dette kan vere sjukehus og medisinske senter, alders- og sjukeheimar, lege og tannlegar, barnehagar og skular, næringsmiddelprodusentar og bønder/husdyrhald.

Tilleggsregisteret gjer at kontaktpersonar for verksemder kan knytast til verksemda, med sitt telefonnummer. Kontaktpersonen vil då motta varsel frå kommunen samtidig med verksemda. 

Du kan registrere deg i tilleggsregisteret på nettsida varslemeg.no

Ønskjer du hjelp med å registrere ditt telefonnummer? 

Ta kontakt med oss på