I det heile er det få ordinære parkeringsplassar med betaling innanfor kommunegrensene, men det finst mellom anna på Filefjell
Parkeringskort for rørslehemma
Parkeringskort for rørslehemma skal sikra at du som treng parkeringslette, kan parkera på parkeringsplassar merka for rørslehemma.
Kven kan få tilbodet?
For å søkja om parkeringskort må du ha ei rørslehemming. Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å gå over lengre avstandar. Du må kunne dokumentera behov for å parkera ved bustad, arbeid, legebesøk og andre aktivitetar.
Slik søkjer du
Du kan søkja om parkeringskort både om du køyrer sjølv, eller om du er avhengig av å bli køyrt av andre. Ved å klikka på denne lenkja kjem du til søknadsskjema. Merk at du må leggja ved vedlegg/dokumentasjon som skildra i søknadsskjemaet. Dersom du får avslag, kan du klaga på vedtaket. Informasjon om klage kjem fram i vedtaksbrevet.
Kva får du?
Du får eit kort med namnet ditt og eit bilete av deg på. Du kan då bruka kortet i ulike bilar og parkera på stader som er merkte for rørslehemma. Parkeringsbeviset er personleg og følgjer deg, ikkje bilen.
Ved å klikka på denne lenkja kjem du til Forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede