Kva er forsøpling?
Forsøpling kan vere villfyllingar med hageavfall og anna avfall, men det kan også vere ulovleg lagring av brukte gjenstandar, til dømes bilvrak på eigen eigedom.
Vil du melda frå om forsøplig og villfyllingar? Ta kontakt med kommunalteknisk vakttelefon: 97 05 74 80
Alle har eit ansvar for ein rein og triveleg kommune
Forbod mot forsøpling er regulert i forureiningslova § 28. Der står det at "Ingen må lagre eller handtere avfall slik at det kan verke skjemmande eller vere til skade eller ulempe for miljøet."
Du har ansvar for orden og ryddigheit rundt dine avfallsbehaldarar.
Viss du ferdast der det ikkje er sett opp avfallsbehaldarar, skal du ta med avfallet heim.
Driv du kiosk, gatekjøkken, daglegvarehandel og liknande, har du ansvaret for å sette opp og tømme avfallsbehaldarar i nærleiken av salsstaden jamfør forureiningslova § 35.
Kven har ansvaret?
Viss du oppdagar forsøpling, kan du melde frå til kommunen. Dersom vi finn den ansvarlege, vil vedkommande få pålegg om å rydde etter seg. Hvis dei ansvarlege ikkje finst, er det grunneigaren som har ansvaret for å rydde opp etter forureiningslova § 37.
Kommunen ved teknisk drift har ansvaret for forsøpling i parkar/friarealar.
Vegeigar har ansvaret for forsøpling langs vegar. Dette kan vere kommunen, fylkeskommunen eller privatieigar.
Lovverk