Du kan kome med innspel og uttalelsar i to rundar i planarbeidet:
- Når planarbeidet startar (varsel om oppstart).
- Når forslaget er laga (offentleg ettersyn).
I begge rundane får naboar, grunneigarar og relevante offentlege organ varsel om planarbeidet direkte tilsendt. Planarbeidet vert også annonsert i lokalavisa og her på denne sida.
Det er i desse fasane av planarbeidet du kan påverke innhaldet i planen. Informasjon og innspel frå deg kan til dømes påverke kva byggehøgde som er tillate innanfor planområdet. Viss du ventar å meine noko om byggehøgder, byggegrenser, trafikktryggleik med meir til det kjem ein byggesøknad, vil dette allereie vere avklara i planen. Me oppmodar deg difor til å engasjere deg i planprosessane, slik at vi kan ta vare på interessene og innspela dine på ein god måte.
I tillegg er det klagerett på sjølve reguleringsvedtaket.
Design og arkitektur Noreg (DOGA) har laga ein film der du får sjå den kommunale planprosessen gjennom born sine auge. Gjennom ti steg forklarer dei prosessen på ein lettfatteleg og forenkla måte.
Varsel om oppstart
Når nokon skal lage ein reguleringsplan, må dei varsle oppstart om planarbeidet til naboar og andre som blir berørt av planen. Du skal sende innspel ditt direkte til den fagkyndige plankonsulenten i denne runden. Fristen for å kome med innspel er vanlegvis fire veker.
Offentleg ettersyn
Når vi har motteke planforslaget og behandla det politisk første gong, skal alle få høve til å uttale seg. No inneheld planforslaget detaljerte skildringar, kart, bestemmelser og andre utgreiingar. Du sender uttalen din til oss.
Både den som har laga planforslaget og Arealplanavdelinga, vurderer korleis den enkelte uttale skal påverke planforslaget. Forslagsstillaren oppdaterer planforslaget, og vi sender det til politisk behandling i utval for samfunnsutvikling og vidare til kommunestyret. Den som har uttala seg til ein plan, får tilsendt kommunestyret sitt vedtak.
Klage
Den som er part eller har rettsleg klageinteresse i ein plansak, har høve til å klage på kommunestyret sitt vedtak.