Kva plan gjeld? Arealdelen til kommuneplanen som vart vedteken i 2023 gjeld for heile kommunen, men for ein del område er det reguleringsplanar i tilleggKva er ein reguleringsplan?Ein reguleringplan avgjer korleis du kan bruka ein eigedom eller eit område. Korleis finn eg kva planar som gjeld for ein eigedom?Gå inn på Kommunekart, som du kjem til ved å klikka på denne lenkja. Søk opp eigedomen i søkjefeltet (Gards- og bruksnummer eller adresse), så kjem det opp i rullemenyen kva planar som gjeld. Står det “Reguleringsplan” i menyen, finst det minst ein reguleringsplan. Du finn også informasjon om fare-og aktsemdssoner i menyen. På nettsida arealplaner.no finn du ein liknande funksjon der du kan sjå kva planar som gjeld for der du set markøren i kartet. På denne sida finn du også kommuneplanen sin arealdel og andre reguleringsplanar (Under “Gjeldende planer”). Klikk på denne lenkja for å koma til arealplaner.no.Trenger du rettleiing?Er du usikker på kva plan som gjeld, ta kontakt med oss i kommunen. Hugs å gje opp gards- og bruksnummer eller adresse på eigedomen. Sist endret 16.06.2025 19:57