Det er to typar reguleringsplanar: områderegulering og detaljregulering.
Områderegulering
Områderegulering blir i utgangspunktet laga av kommunen. Ho styrer utviklinga i eit større område, slik som til dømes Håbakken næringsområde eller Gamle Lærdalsøyri. Kommunen kan overlata til private eller andre myndigheter å lage områdereguleringar. Dette tyder at dei står for heile eller delar av det planfaglege arbeidet innanfor dei rammene kommunen bestemmer, og dekkjer kostnadene ved dette heilt eller delvis.
Detaljregulering
Detaljregulering kan kommunen, eller private utbyggarar og initiativtakarar lage. Dette er en plantype som blir brukt for å fylgje opp det som er bestemt i kommuneplanen sin arealdel eller områderegulering. Detaljreguleringar tek for seg mindre område eller enkelte tomter og gjev ofte meir spesifikke og detaljerte føringer for kva du kan bygge.