Kommuneplanen sin arealdel bestemmer kva vi skal bruke dei ulike areala i kommunen til.
Planen samordnar viktige behov for vern og utbygging på eit overordna nivå, og gir føresegner og retningslinjer for konkrete utbyggingstiltak og detaljplanar.
Kommunestyret vedtok den 14. september 2023 ny arealdel av kommuneplanen.
Plandokument
Kommuneplanen sin arealdel finn du her
Kart med kommunen sin arealdel finn du her
For å koma til kommuneplanen sin arealdel på kart i lenkja over, søkjer du etter “Lærdal” på Kommunekart. Så aktiverer du kartlaget “Lærdal KPL 2023 - 2035” ved å huka det av i rullemenyen. Ved å også aktivera “Påskrift” får du opp talkodane for dei ulike områda - det vil seia at du kan finna ut til dømes kva føremål, eventuell faresone osv. som gjeld for det og det området ved å sjå kartet og planføresegnene du finn i den øvste lenkja opp mot kvarandre.
Sist endret 16.06.2025 23:36