Dispensasjon frå arealplan

Om du ynskjer å gjere noko anna på ein eigedom enn det gjeldande arealplanen legg opp til, kan du anten søkje om dispensasjon eller søkje om å endre reguleringsplanen. 

Dispensasjon er unntaket

Ein dispensasjon er eit vedtak som inneber at det blir gitt eit unntak frå føresegner gitt i eller i medhald av plan- og bygningslova (pbl). Dispensasjon vil seie at kommunen gir nokon løyve i ei konkret sak til å byggje eller gjere noko som ikkje er i samsvar med desse føresegnene. Dispensasjon kan vere varig eller tidsavgrensa.

Dette følgjer av plan- og bygningslova kapittel 19, som kan lesast på lovdata.no 

Dei vedtekne arealplanane har vore gjennom politiske prosessar med medverknadsmoglegheiter for naboar, offentlege styresmakter og private organisasjonar som har interesse i planen. Ein vedteken plan skal vere føreseieleg, slik at ein veit kva som gjeld innanfor området. Dispensasjonar er avvik frå arealplanar som vi berre unntaksvis skal tillate. 

Kva kan det dispenserast frå?

Det kan dispenserast frå føresegner fastsett i eller i medhald av plan- og bygningslova. Det kan til dømes dispenserast frå arealplanar, byggjeforbod i strandsone, forskrifter og lokale vedtekter.

Det kan ikkje dispenseres frå saksbehandlingsregler i plan- og bygningslova eller byggesaksforskriften (SAK10). Det er i praksis heller ikkje særleg aktuelt å dispensere frå lova si krav til estetisk kvalitet i det som byggjer, eller frå tryggleikskravene i byggteknisk forskrift (TEK10).

Kva skal til for å kunne få dispensasjon?

Kommunen kan gi dispensasjon viss:

  • omsyna bak føresegnene i planen det dispenseres frå eller plan- og bygningslova si formålsføresegn ikkje blir vesentlig tilsidestilt
  • fordelane ved å gi dispensasjon er klart større enn ulempene

Det er viktig å merke seg at det er tiltakshavar/søkjar som skal grunngi/framleggja grunnlaget for å gi dispensasjon.

For å gi dispensasjon, må fordelane ved ein dispensasjon være klart større enn ulempene. I utgangspunktet er det fordelar og ulemper for dei allmenne interessa som skal vurderast. 

Når du skal søkje om dispensasjon bør du grunngje den med forhold som er spesielle for saka di. Generelle argument som mange andre også kan kome med, vil normalt ikkje bli tillagt særleg vekt. Det kan likevel vere viktig at du redegjør også for desse. Har du argument som teller positivt for omsynet bak regelen du søkjer dispensasjon frå, vil det vere til din fordel. Argument som er knytt til med personlege forhold slik som for eksempel; behov for større plass, reint personlege forhold som sjukdom eller liknande, eller at dispensasjonen er nødvendig som ledd i eit arveoppgjør har ofte ikkje avgjerande vekt i dispensasjonsvurderinga. 

Slike omsyn kan berre i avgrensa omfang tillæggast vekt, ettersom arealbruk fastlegges i eit livslangt perspektiv, medan eigarskapforholda på staden vil kunne vere skiftande. Individuelle omsyn som sosialmedisinske, personlege eller sterke menneskelege omsyn kan nokre gongar «tippe vektskåla» for dispensasjon der det ikkje er andre forhold som talar tyngre mot ein dispensasjon. Personlege ynskje om eit bestemt utnyttelse av ein eigedom kan i nokre tilfelle være samanfellande med dei omsyn plan- og bygningslovgjevinga er satt til å ta vare på. Døme på dette er der dispensasjonen fører til at bygget eller uteoppholdsarealet får betre funksjonalitet, eller der dispensasjonen vil gi betre arkitektonisk kvalitet.

Det vil derfor i hovudsak vere samfunnsmessige omsyn av planfagleg og arealdisponeringsmessig karakter som har vekt. Økonomiske og privatrettslege forhold skal i utgangspunktet ikkje vurderast.

Sjå kva plan som gjeld for eigedomen din.

Korleis grunngje ein dispensasjonssøknad?

Når du skal skrive grunngjevinga skal du :

1. Vurdere om omsynet bak føresegnen du søkjer dispensasjon frå settes vesentlig til side. (Kva omsynet bak ein føresegne er finn du ut ved å lese førearbeida til føresegnen eller annan juridisk litteratur. Førearbeida til føresegnene til ulike arealplanar finn du i eit dokument som heiter planbeskrivelse. Du kan få tilgang til planbeskrivelsen ved å henvende deg til kommunen). Denne vurderinga kan du gjere på følgjande måte;

  • Skriv kva omsynet bak føresegnen er. Skriv så kvifor du meiner at dispensasjonen ikkje vesentlig tilsidesetter dette omsynet.
  • Om det du skal byggje / gjere er av betydning for nokon av dei omsynene som er omtalt i plan- og bygningslova si formålsføresegn (§ 1-1), kommentere du dette.
  • Om statlege eller regionale styresmakter allereie har uttalt seg negativt til det du skal byggje / gjere, kommenterer du dette også. 

2. Beskrive kvifor fordelane ved å gi dispensasjon er klart større enn ulempene. Det kan du gjere på følgjande måte;

  • Skriv kva som er ulempene med det du skal byggje / gjere. Det kan til dømes vere ulemper for allmennheten, naboar, for det omsynet føresegnen er meint å ta vare på. 
  • Skriv deretter kva som er fordelane med dispensasjonen. 
  • Vurder fordelar og ulemper opp mot kvarandre, og grunngje kvifor du meiner fordelane er klart større enn ulempene.

Søkjer du dispensasjon frå plan- og bygningslova eller forskrifter til lova tar du også med kva fordelar og ulemper dispensasjonen kan få for helse, miljø, tryggleik og tilgjengelegheit i desse punkta. 

På denne måten veg du dei ulike interessa i saka opp mot kvarandre, for til slutt å konkludere med at vilkåra for å gi dispensasjon er til stades. (Konkluderer du med at dei ikke er til stades sender du ikkje søknaden til kommunen.)

Slik søkjer du dispensasjon

Dersom tiltaket du ynskjer å gjennomføre er avhengig av dispensasjon, må det søkjast særskilt om dette. Du kan velje om du vil søkje dispensasjon isolert sett, for seinare å omsøkje sjølve tiltaket – eller å søkje dispensasjon samtidig som du omsøkjer sjølve tiltaket.

Søknad om dispensasjon framsetjast skriftleg. 

Dispensasjonssøknaden skal innehalde:

  1. Ein kort skildring av tiltaket og kva det søkjast dispensasjon frå.
  2. Ei redegjøring for kva fordelar og ulemper som talar for/imot dispensasjon.
  3. Situasjonskart/Kartutsnitt - som ikkje skal vere eldre enn 1 år. Dette må vere målsatt.
  4. Plan, snitt – og fasadetegningar med terrenglinjer i målestokk 1:100. Tegningane må vere målsatte.
  5. Dispensasjonar skal nabovarslast.
  6. Grunngjevinga for søknad om dispensasjon skal vedleggjast varselet. jf. Plan- og bygningslova § 19-1
  7. Dersom dispensasjonen berører saksområde til fylkeskommune eller andre statlege myndigheiter (sektormyndigheiter) skal saka sendast på høyring jf. Plan- og bygningslova § 19-1 (eks. LNF-område, strandsone og langs vassdrag). Dette vil kommunen sørgje for.

 

Velgrunngjeven søknad sendast til: 

Per post til Lærdal kommune, Øyraplassen 7 , 6887 Lærdal eller 

e-post: post@laerdal.kommune.no

Nabovarslingsskjema og andre skjema til byggesak finn du her.

Framgangsmåten for søknad om dispensasjon vil også gjelde i samband med byggesak.

Send inn byggesøknad 

Er du profesjonell aktør, kan du finne søknadsskjema her.

Kontaktkort

Stefan Karlstrøm
Byggjesakshandsamar
E.