Bustadtomter

Her finn du oversikt over ledige bustadtomter i Lærdal kommune. 

Lærdalsøyri - Hanseskogen bustadfelt

Tomt 1:
Areal:  omtrentleg 1020 m2 (kan bli små justeringar etter oppmåling er gjennomførd)
Tomta ligg i enden av ei bustadrekke, og har tilkomst frå Sekleppvegen.  Tomta ligg ved RV5, og har avgrensingar for bygging i høve faresone for skred og byggjegrense langs RV5. Ved å plassere bustaden i byggjelinja som dei andre bygningane i Sekleppvegen ligg i, så er ein utanfor byggjeforbodsona. 

Tomt 2:
Areal: omtrentleg 560 m2 (kan bli små justeringar etter oppmåling er gjennomførd).
Tomta ligg i enden av ei bustadrekke, og har tilkomst frå Skulevegen.   Denne tomta har kommunalt og privat infrastruktur i bakken over tomta. Kommunen tek kostnad for å flytte privat VA-ledning, for å gjere disponering av tomta meir fleksibel. Hovudvassleidning kan ikkje flyttast, eller byggjast oppå, så bustaden må plasserast på sørsida av denne.

For tomtene gjeld: 
Det er ikkje lov til å byggje kjellar på heile Lærdalsøyri pga. flaumfare, og nye bygningar må ha noko høgare grunnmur pga. for å byggje i det som vert definert som flaumsikker høgde. Det er kommunalt VA-anlegg i bustadfeltet som ein må kople seg på. 

Tomtene ligg sentralt på Lærdalsøyri, ikkje langt frå barnehage, skule og sentrum. Rett ved tomtene er det grøntareal som er gjennomgåande i heile bustadfeltet. Delar av grøntarealet er nyleg regulert til felles utomhusareal og leikeplass. Det er ikkje gjennomkøyringsveg forbi tomtene, så trafikken i området er svært avgrensa.  

Nyleg vedteken reguleringsplan er gjeldande for oppføring av nye bygningar på tomtene, og det er her reglar for maksimal høgde, utnytting av tomta, tilpassing til eksisterande bygningsmiljø osv. Reguleringsplanar er juridisk bindane for utbygginga av nye bustadar. Bustadfeltet Hanseskogen vert rekna å vere eit attraktivt, trygt og sentralt bustadfelt på Øyri.

Borgund sentrum - råtomtepris 0 kr.

Lærdal kommune har til salgs 10 bustadtomter i byggefelt like ved Borgund Sentrum. Her er råtomteprisen 0 kr, ein må berre betala anleggsbidrag og tilknytingsavgift. 

Sju av tomtene er regulert til einebustadtomter, medan det for tre av tomtene er opna for tettare utnytting (f.eks. rekkehus). Tomtene for einebustadar er på 700 – 1150 m² og ligg i ein sørvendt helling rett nord for Borgund sentrum. Les meir om tomtene ved å klikka på denne lenkja. 

Tomtene har ei fin beliggenheit rett ved servicefunksjonar i Borgund.  Det er ikkje søknadsfrist for desse tomtene, og tildeling skjer kontinuerleg etter søknadar kjem inn. 

Ta gjerne kontakt med kommunen om det er spørsmål kring tomtene, reguleringsplan, søknadsprosess osv.

Om pris og salsprosess

Klikk her for å sjå tomteprisane

Alle privatpersonar kan søkja om å få kjøpa tomtene, og ein kan søkja på fleire tomter i prioritert rekkefølgje. Det er viktig å lese grundig gjennom kommunen sitt reglement for sal av kommunale tomter før søknad vert sendt inn.  

I utgangspunktet er det fortløpande tildeling. Ved utlysing av tomtar med søknadsfrist og fleire søkjarar skjer tildeling av tomtene ved loddtrekking, og alle søkjarar vert invitert til å delta på trekninga. 

Etter tildelinga er gjennomført, vil det bli utarbeida kjøpsavtalar med kjøparane, og eigarskifter vert tinglyst. 

Trykk på denne lenkja for å koma til retningslinjer for tildeling av kommunale tomter
Trykk på denne lenkja for å koma til søknadskjema for tildeling av kommunale tomter

Kontaktkort

Alf Magne Hjellum
Ingeniør VA
E.