Kriterium for grensejustering
- Området mellom to eigedomar kan aukast eller minskast med inntil 5 prosent, men maksimalt 500 m².
- Ingen av eigedomane kan avstå eit område som overstiger 20 % av eigedomen sitt område før justeringa (80% av eigedomen sitt område må ligge i «ro»).
- Eigedomane sin verdi kan ikkje reduserast eller aukast med meir enn folketrygda sitt grunnbeløp (1G).
- Områda som blir påverka av grensejusteringa må være regulert til same føremål. Grensejustering mellom område mellom ulike føremål (t.d. veg og bustad) krev avgjerd mot anna lovverk.
- Ved større endringar skal det søkast om områdeoverføring.
Slik søkjer du
Når du skal søkja om grensejustering må du sende inn søknadsskjema og vedlegg til post@laerdal.kommune.no
Søknadsskjema
Vedlegg til søknaden
- Situasjonskart som syner eksisterande eigedomsgrenser, i tillegg til omsøkte grenser (nye grenser). Grensejusteringen må koma tydeleg fram. Kartunderlag kan hentast frå www.kommunekart.com
For utdjupande reglar og vilkår knytt til grensejustering anbefalast det å sjå nærmare på matrikkelforskrifta §34 og matrikkellova §16
Kva skjer vidare
Kommunen vil vurdere om kriterium for grensejustering er oppfylt. Blir søknaden godkjent vil partane bli kalla inn til oppmålingsforretning, der dei nye grensene blir målte inn og merka i marka.
Kva kostar det?
Ved å klikka på denne lenkja finn du prislista for kart- og oppmålingsarbeid.