Frådeling av eigedom

Når du skal lage ein ny eigedom, må du først kontakte kommunen. Kommunen sørgjer for oppmåling av tomta, og gjev den eit eige gards- og bruksnummer i matrikkelen, før det blir sendt melding til tinglysing.

Slik søkjer du 

Du søkjer om frådeling av eigedom ved å fylle ut søknadsskjema søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett.

Søk om frådeling 

Dokumentasjon til søknad 

Når du skal sende ein søknad om oppretting (deling) av eigedom er det viktig at vi får all informasjonen vi treng for å handsame søknaden din.

Dokumentasjon som må vere med søknaden

  • Nabovarsel 
  • Situasjonskart
  • Rekvisisjon av oppmålingsforretning 

Annan dokumentasjon som kan vere relevant til søknaden

  • Søknad om dispensasjon. 
  • Avkøyringsplan 
  • Erklæring eller avtalar om vegrett, leidningar og nødvendig vedlikehald som går over andre eigedommar 
  • Mogleg erklæringar om at resterande eigedom (den opphavlege eigedomen) gjev frådelt (ny) eigedom rett til veg, vatn- og avløpsleidningar og eventuelt vedlikehald må også leggast ved.

Kvar blir søknaden sendt?

Søknad med vedlegg blir sendt kommunen på e-post eller via post. 

Skal du frådela ein landbrukseigedom? 

Ved frådeling av landbrukseigedommar må det gjevast løyve etter jordlova §12. I slike høve må konsesjon eller eigenerklæring om konsesjonsfridom følgja søknaden. Les meir om konsesjon og landbrukseigedom.

Kva kostar det?

Ved å klikka på denne lenkja finn du prislista for kart- og oppmålingsarbeid.

Kontaktkort

Wesam Jbour
Oppmålingsingeniør
E.
Magnhild Aspevik
Landbrukssjef
E.