Bruksendring

Skal du bruke bygget eller delar av det til noko anna enn det det er godkjent til? Vil du gjere loft eller kjellar om til soverom eller stue? Eller vil du gjere kontor om til bustad? Da må du søkje om bruksendring. 

På Direktoratet for byggkvalitet sine nettsider meir om bruksendring og få rettleiing til søknad. 

Kva er bruksendring 

Bruksendring er når bruk, føremål eller funksjon endrast med tanke på den bruken som allereie er tillate. Det skal takast omsyn til kva for føremål reguleringsplanen set opp, og det skal takast omsyn til omgjevnader, som trafikk, opningstider osb. 

Du treng ikkje senda søknad om bruksendring:

Dersom du skal sette inn ei lettvegg. Til dømes lage eitt ekstra kontor/hobbyrom/soverom i bruksenheiten. Det avgjerande for søknadsplikten er kva bruk bygget/lokalet/rommet er godkjent for, og i kva grad ny bruk gir endra forutsetningar. Du kan til dømes sette opp ei lettvegg som deler eit soverom i to utan å søkje. 

Du kan senda søknad om bruksendring på eiga hand:

Dersom du skal ta i bruk bod eller vaskerom og endre til soverom, stove eller liknande (endre frå tilleggsdel til hovuddel) innanfor eksisterande leilegheit eller branncelle. Dette forutsett at du ikkje utfører søknadspliktige tiltak i berande konstruksjonar ved til dømes å senke golv i kjellar.

På Direktoratet for byggkvalitet sine nettsider finn du ein rettleiar for bruksendring.

Du må sende søknad om bruksendring med hjelp frå fagfolk:

I samband med etablering av leilegheit eller sekundærleilegheit (ny bueining, til dømes til utleige). Du må også søkja med ansvarleg foretak ved endring i bruk, til dømes frå kontor til bustad eller frå bustad til forretning.

Det vil vere søknadspliktig med ansvarleg foretak dersom du ynskjer å endre ei fritidsbustad (hytte) til bustad (heilårsbustad).

Nyttige nettsider

Kva er ein bruksendring? (Direktoratet for byggkvalitet)

Kontaktkort

Stefan Karlstrøm
Byggjesakshandsamar
E.