Arealoverføring

Arealoverføring er overføring av areal mellom eigedomar med felles grense utan at arealet blir oppretta som ein eigen eigedom.

Vilkår for arealoverføring

  • Det må føreligge løyve frå kommunen til arealoverføring etter plan- og bygningslova og eventuelt jordlova.
  • Det må føreligge nødvendige ytringar om overdragelse av eigedomsrett, pantefrafall og konsesjonar for det aktuelle området.
  • For mindre endringar av areal (inntil 5 prosent) brukast grensejustering.
  • Krava til pantefrafall ved arealoverføring er dei same som ved sammenslåing av eigedomar. Grunnen til dette er å hindre prioriteskollisjonar mellom hefte. Les meir om sammenslåing og prioritet på kartverket sine nettsider.
  • Viss det er tinglyst ei urådigheit på den givande eigedommen, må samtykke frå rettshavaren leggjast ved.
  • Ved arealoverføring mellom landbrukseigedomar må det gjevast samtykke etter jordlova §12. I slike tilfelle må konsesjon eller eigenerklæring om konsesjonsfridom følgje søknaden - Les meir om konsesjon og landbrukseigedom.

Slik søkjer du

Når du skal søka om arealoverføring må du sende inn søknadsskjema og vedlegg, dette sender du til post@laerdal.kommune.no

Søknadsskjema

Vedlegg til søknaden

Annan dokumentasjon som kan vere relevant til søknaden

  • Søknad om dispensasjon. 
  • Yttring eller avtalar om vegrett, leidningar og nødvendig vedlikehald som går over andre eigedommar 

Vidare saksgang

Dersom kommunen gjev løyve til arealoverføring vil det bli halde ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle eigedommane vert klarlagde og skildra. Du må sende krav om matrikulering og rekvisisjon av oppmålingsforretning. Kravet kan sendast samstundes med søknad om arealoverføring, eller etter at løyve er gjedd.

For utdjupande reglar og vilkår knytt til arealoverføring sjå matrikkelforskrifta §33 og matrikkellova §15 

Kva koster det? 

Ved å klikka på denne lenkja finn du prislista for kart- og oppmålingsarbeid.

Kontaktkort

Wesam Jbour
Oppmålingsingeniør
E.