Søkja på eigahand

Nokre byggetiltak kan du sende inn søknad om sjølv. Her er ein rettleiar for korleis du søkjer om byggetiltak på eiga hand.

1. Sjekk om du må senda inn byggjesøknad 

Sjekk først om du må søkje, om du kan søkje sjølv eller om fagfolk må søkje for deg.

2. Sjekk planar og føresegner for eigedomen din 

Før du byggjer, riv eller endrar må du sjekke kva planar og føresegner som gjeld for eigedomen din. Planar og føresegner er avgjerande for kva du kan gjere av endringar og kva du kan bruke bygget på eigedomen din til.

3. Samle alt du du må ha med i byggjesøknaden

  • Skriv ut situasjonskart og teikn byggjetiltaket med mål inn på dette kartet. Sjå informasjon om karttenester ved å klikka her.
  • Få nokon til å teikne tiltaket for deg, eller teikn sjølv. Teikningar som skal vere med søknaden er målsatte fasadeteikningar, planteikningar og snitt-teikningar. Det blir stilt krav om at teikningane er godt utført.

Dersom kommunen har tidlegare teikningar fra eigedomen din kan du bestille kopi av desse via tenesta Ambita Infoland

4. Varsla nabane dine 

Når du har samla alle dokumenta du treng i byggjesøknaden din, må du varsle naboar. Du treng ikkje varsle naboane om du skal gjere mindre arbeid som ikkje påverkar dei.

Etter at varslinga er sendt, skal naboane få minst 14 dagar til å uttale seg om tiltaket. Naboane skal sende sine kommentarar (merknader) til deg. 

Bestill nabovarsel 

Om du ikkje har høve til å sende inn nabovarsel elektronisk, finn du søknadsskjema på direktoratet for byggkvalitet sine nettsider.

Dokumentasjon som må vere med i nabovarselet:

  • ein kopi av nabovarselet
  • ei kvittering som viser at naboane har motteke varselet
  • eventuelle merknadar fra naboane
  • eventuell grunngjeving for at naboane ikkje er varsla

5. Send inn søknad

Søknaden kan sendast inn til kommunen anten:

Mindre byggjeprosjekt

Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) har laga en oversikt over enkle skjema for nabovarsling og byggjesøknad for mindre byggjetiltak.

Søknadsskjema for mindre byggjetiltak

Om du ikkje har høve å sende inn byggjesøknaden elektronisk, finn du søknadsskjema på direktoratet for byggkvalitet sine nettsider. 

Rettleiing frå Direktoratet fra byggkvalitet

Direktoratet for byggkvalitet  (DIBK) har laga en rettleiar for kva som må gjerast når du skal søkje på eiga hand

Kontaktkort

Stefan Karlstrøm
Byggjesakshandsamar
E.