Når du er ferdig (ferdigattest)

Når tiltaket er ferdig, må du søkja om ferdigattest eller mellombels bruksløyve. Du må ha ein godkjent ferdigattest eller mellombels bruksløyve før du kan ta i bruk tiltaket.

Krav til ferdigattest

Krav om obligatorisk ferdigattest vil ha innverknad på kommunen si oversikt over bebyggelsen i kommunen, som grunnlag for komplette kart og framtidige situasjonsplanar. Forbrukarane får større tryggleik for at bygningen er ferdigstilt i samsvar med byggeløyvet og at alt er gjort i tråd med plan- og bygningslovgjevnaden sine krav.

Ein ferdigattest markerer slutten på kommunen si handsaming av byggjesøknaden og er eit bevis for at bygget er oppført i samsvar med gitte løyve.

Alle søknadspliktige tiltak skal i utgangspunktet avsluttast med ferdigattest.

Når treng ein ikkje ferdigattest?

  • Ved oppretting og endring av ny grunneigedom
  • Tiltak som er unnateke frå søknadsbehandling (NB! Sjølv om tiltaket ikkje er søknadspliktig må du melde til kommunen når bygget er ferdig) 

Mellombels bruksløyve

Eit mellombels bruksløyve gjev rett til å ta bygget i bruk, sjølv om ikkje alle vilkår i gitte løyve er oppfylte. Døme her kan vera der eigar sjølv skal sluttføra kjellar- eller loftsetasjen, eller der opparbeiding av uteområde må utsetjast til våren.

Lova inneheld difor ei opning for at det kan gjevast mellombels bruksløyve, men kommunen skal i brukstillatelsen stille krav om ferdigstilling ved at det skal gå fram kva arbeid som står igjen og ein bindande frist for ferdigstilling.

Slik søkjer du om ferdigattest

Normalt er det ansvarleg søkjar som skal søke om ferdigattest eller midlertidig brukstillatelse. I dei sakene der det ikkje er nokon ansvarlig søkjar så er det tiltakshavar som skal sende inn søknaden.

Ved søknad om ferdigattest skal søkjar stadfeste at tilstrekkeleg dokumentasjon som grunnlag for driftsfasen er overlevert byggverket sitt eigar.

Når det blir søkt om mellombels bruksløyve, skal søkjar beskrive ståande arbeid, stadfeste at byggverket har tilfredsstillande sikkerheitsnivå, og angi tidspunkt for ferdigstilling.

Ved tiltak med krav om ansvarlege foretak må følgjande vedleggjast søknaden:

  1. Sluttrapport for avfall (kun aktuelt ved enkelte typar tiltak)
  2. Gjennomføringsplan (Sjå rettleiar for utfylling av gjennomføringsplan)
  3. Om det er gjort mindre ikkje-søknadspliktige endringar i høve til løyvet, må følgjande vedleggjast søknaden:
  • Oppdatert situasjonsplan
  • Oppdaterte teikningar
  • Dokumentasjon om tiltaket sin plassering slik det er utført

Søk om ferdigattest

Om du har sendt inn byggesøknad digitalt, kan du sende inn søknad om ferdigattest via same teneste.

Kontaktkort

Stefan Karlstrøm
Byggjesakshandsamar
E.