Byggjesøknad for fagfolk

Her finn du oversikt over dei ulike elektroniske søknadsløysingane for innsending av byggesøknader til kommunen.

1. Sjekk planar og føresegner for eigedommen

Før du byggjer, riv eller endrar må du sjekke kva planar og føresegner som gjeld for eigedommen din. Planar og føresegner er avgjerande for kva du kan gjere av endringar og kva du kan bruke bygget på eigedommen din til.

Finn hvilken plan som gjelder for eiendommen

2. Samle alt du du må ha med i byggesøknaden

Skriv ut situasjonskart og teikn byggtiltaket med mål inn på dette kartet.

Få nokon til å teikne tiltaket for deg, eller teikn sjølv. Teikningar som skal vere med søknaden er målsatte fasadeteikningar, plantegninger og snitt-teikningar. Det vert kravd at teikningane er godt utførte. 

3. Varsle aktuelle naboar og eventuelt offentlege etatar

Handsaminga av byggjesøknadar går raskare dersom de har henta inn utsegner og varsla aktuelle naboar og offentlege/private instansar før de sender inn byggjesøknaden.

4. Send inn søknad

Søknaden kan sendast inn til kommunen på ulike måtar

  • Over tjenesten Fellestenester BYGG finn du fleire søknadsløysingar som du kan bruka.
  • Over e-post til: post@laerdal.kommune.no

Send inn elektronisk søknad via Fellestenester BYGG

Om du ikkje har høve til å sende inn byggesøknaden elektronisk, finn du søknadsblankettar på direktoratet for byggkvalitet sine nettsider.

Eg ønskjer å levere byggesøknaden på papir 

Dersom du ikkje ønskjer å sende søknaden elektronisk kan du sende denne til oss via posten 

  • Adresse: Lærdal kommune, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal

Kontaktkort

Stefan Karlstrøm
Byggjesakshandsamar
E.