Lærdal brann og redningLærdal Brann og Redning er eit kommunalt brannvesen. Hugs alltid naudnummer brann: 110Styrken består av 18 mann: ein brannsjef, fire utrykkingsleiarar og tolv brannkonstablar (alle i deltidsstillingar).I tillegg har Lærdal kommune ein deltidsstilling på brannførebyggande arbeid.Lærdal Brann og Redning er delt i to arbeidsfelt:Brannførebyggande arbeidUtrykning ved brann og ulukkerBrannførebyggjande arbeidLærdal Brann og redning utfører brannsyn av særskilde brannobjekt (skular, hotell, sjukeheim o.l) samt:sakshandsaming ved søknader om oppbevaring av brannfarlige og eksplosive varerbrannteknisk byggesakshandsamingfeiing av piper og kontroll med eldstaderopplæring av brannvernansvarlege/brannvernleiararbrannvernopplæring vert gitt til skuleelevar, barnehagar, helsepersonell. kurs/informasjonsarbeidMe hjelper til der me kan ved førespurnadUtrykking ved brann og ulukkerLærdal Brann og Redning skal på kort varsel rykkja ut ved brann, trafikkuhell og andre akutte hendingar. Brannvesenet har ikkje kasernert vakt, men er basert på utkallingsmannskap som er tilsett på deltid. Sist endret 30.05.2025 11:16