Eldstad

Du må alltid senda melding til kommunen hvis du installerer, endrar eller fjernar ein eldstad. Dette gjer du for at brannvesenet skal få operert raskare og tryggare viss ein brann oppstår.

Informasjon om eldstad på din eigedom  

Logg deg inn for å sjekke informasjon om eldstad som vi har registrert på MinEiendom. Dersom ikkje informasjonen stemmer, ta kontakt med oss på e-post post@laerdal.kommune.no

Rettleiarar for montering og oppføring

Det vert ikkje stilt formelle krav til den som skal sette opp ein eldstad. Vi anbefaler likevel at du bruker kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.

Kva er kravet?

Etter Plan- og bygningslova(Pbl) § 20-3, bokstav c og Byggesaksforskrifta(SAK 10) § 3-1, bokstav a, er installering av ny eldstad unnateken frå krav om søknad og løyve.

Men etter Førebyggjande forskrift § 6, første ledd, skal eigaren melde frå til kommunen(brannvesenet) når det er installert ny eldstad eller gjort andre vesentlige endringar ved fyringsanlegget.

Kva er utsleppskravet? 

Lukka eldstad for vedfyring skal utførast slik at det vert oppnådd tilfredsstillande tryggleik mot forureining. Utslipp av partiklar frå slik eldstad skal ikkje overstige verdien gitt i Norsk standard NS-3059 Lukkede vedfyrte ildsteder-Røykutslipp-Krav (TEK 17 § 9-10).

Kan eg montere eldre omn?

Eldre omnar tilfredsstiller ikkje utsleppskrav som for nye rentbrennande omnar.

Dersom eldre bevaringsverdig eldstad ønskjer å bli brukt av omsyn til interiøret i kulturhistorisk eller vernverdig bygning, kan slik bevaringsverdig eldstad likevel brukast (TEK 17 § 9-10).

Men hugsa at:

  • Tilstanden og installasjonen til ein slik eldstad må alltid tilfredsstille dei generelle tryggleikskrava til eldstader utan dokumentasjon.
  • Slik eldstad kan ikkje monterast i nytt hus.

Kva må eg vite om nye omnar? 

Nye omnar må:

  • tilfredsstille utsleppskrava i den norske standarden NS-3059
  • ha CE-merket
  • vere godkjent etter den norske standarden NS 13420
  • vere testa ved SINTEF(Noreg), Statens Provningsanstalt(Sverige) eller Teknologisk Institutt(Danmark).
  • ha bruks- og monteringsvegledning på norsk eller eit skandinavisk språk

Kven kan montere omn?

Det finst ikkje nokon formelle krav til montør. Det betyr at alle kan montere ein eldstad så lenge dei følgjer monteringsanvisninga og gjeldande regelverk.

Men me anbefalar å bruka ein murar eller omnsmontør som anbefalast av produsenten og få monteringsbevis som følgjer omnar ferdig utfylt og signert av montør.