Alle bustader skal ha slokkeutstyr og minst ein røykvarslar i kvar etasje.
Korleis sørgje for eit brannsikkert heim?
- Eigaren av bustader og fritidsbustader skal sørgje for at byggverka har brannalarmanlegg eller eit tilstrekkeleg tal røykvarslarar. Det skal vere minst ein detektor eller røykvarsler i kvar etasje, som skal dekkje kjøken, stove, sone utanfor soverom og sone utanfor tekniske rom. Brannvesenet anbefaler at alle soverom er detektert eller har røykvarsler.
- Sørg for at slokkeutstyret er brukarvennleg, lett tilgjengeleg og at det fungerer. Peker trykkmålaren i det grøne feltet på slokkeapparatet er alt som det skal være. Hugs service kvart 5. år.
- Hugs å ha minst to rømningsvegar, og at desse alltid skal vere frie
- Pass på at du ikkje har noko brennbart tett ved panelomnar.
- Hald alltid oppsyn ved levande eld
- Ekstra utstyr som slokkespray og brannteppe kan vere lurt å ha.
- Installer komfyrvakt
For meir informasjon og fleire tips, kan du gå inn på sikker kvardag sin heimeside.
Sist endret 30.05.2025 11:02