Generelt bålforbod frå 15. april til 15. september.

Ofte er det fristende å tenne bål, men først er det lurt å se litt nærmere på hvilke regler som gjelder.

I Norge er det generelt bålforbud fra 15. april til 15. september.

Kva er generelt bålforbod?

Om våren og sommaren blir det gjerne tørt. Da aukar faren for skog- og lyngbrann. I Noreg er det difor eit generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbode å tenne opp bål og grill (også engangsgrill) i eller i nærleiken av skog.

I perioden med generelt bålforbod er det lov til å grille på stranda i god avstand frå skog og vegetasjon. Det er også lov til å grille på tilrettelagde grill- og bålplassar . Du kan grille i din eigen hage, sjølv om det er generelt bålforbod.

Brenning av avfall 

Brenning av de fleste typar avfall er ulovleg i henhold til forureiningslova. Avfall skal leverast på ein miljøstasjon.

På Simas si nettside finn du informasjon om miljøstasjonen i kommunen

Tips til trygg bålbrenning

  • Vis omsyn til skogbrannfare og vindtilhøve.
  • Det er alltid den som brenner bål som har ansvaret for branntryggleiken.
  • Det bør vere ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet.
  • Bålet må være i god avstand frå bebuing og vegetasjon, som gress, planter og skog.
  • Det er ikkje lov å brenne bål på svaberg.
  • Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan slokke ved behov.
  • Ha eigna slokkemiddel lett tilgjengeleg, som vatn, pulverapparat, skumapparat eller CO2-apparat.
  • Det er forbode å brenne plast, byggematerialar og anna søppel.
  • Når du forlet bålplassen skal bålet vere heilt slokt.

Er det lov med bål på Sankthans?

Normalt vert det gitt lov til å brenne Sankthansbål, føresett at det er på eigna stad i nærleiken av vatn e.l. Brannvesenet kan svare på dette dersom du er i tvil.

Meld frå om ulovleg brenning 

Vil du varsle om at du skal brenna?

Ta kontakt med brannvesenet for å varsla om brenning i samsvar med lokal forskrift før du startar. 

Kontaktkort

Gaute Johnsgaard
Brannsjef
E.
Svein Ove Åmås
Branninspektør/førebygging
E.