Søk om skoleskyss

Elevar som bur langt nok unna kan få gratis skyss til og frå skulen. 

Retten til skule skuleskyss gjeld både om morgonen når skuledagen tek til, og heim om ettermiddagen når skuledagen er slutt.

Du finn informasjon om skuleskyssordningar på skyss.no, klikk her for å koma til nettsida. Dersom du ikkje finn svar på det du lurer på kan du ta direkte kontakt med skulen din.

Finn ut om du har krav på gratis skuleskyss ved å svara på spørsmåla under:

Skuleskyss, SFO og leksehjelp

SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod, og vert ikkje rekna som skuletid. Elevane har altså ikkje rett på gratis skyss når dei har full SFO-plass. Barn som har plass i SFO om ettermiddagen, får skysskort som berre gir dei rett til skyss om morgonen. Barn som har plass i SFO om morgonen, får skysskort som berre gir rett til skyss om ettermiddagen. 

Me ber heimen sjekke at skysskortet til barnet er korrekt i høve til rett på gratis skuleskyss, og evt. ta kontakt med skulen dersom noko er uklart.

Skyssrekvisisjon

Dersom eit barn som har plass i SFO skal heim rett etter skuletid i staden for på SFO, må skulen få melding om dette frå heimen. Det same gjeld for dei som har plass om morgonen, men ikkje skal på SFO. Når skulen mottek slik melding, vert det skrive ut skyssrekvisisjon som barnet skal levere på bussen. Me ber om at de melder dette inn til SFO-leiar eller kontaktlærar seinast dagen før skyssrekvisisjonen skal brukast.

Leksehjelp

Elevar i grunnskulen har i prinsippet ingen rett til skyss etter leksehjelp eller fritidsaktivitetar. Det er likevel slik at elevar i grunnskulen har fleksibel skuleskyss fram til kl. 19.00. Det vil seia at dei kan reisa heim att med avgangen kl. 1435 frå Lærdalsøyri skule utan betaling dersom det er ledig kapasitet. Er det ikkje ledige plassar, har ikkje elevane rett til skyss, så det vert ikkje sett opp ekstra buss.

Skulevegen til/frå Ofta

Denne vegen er rekna som farleg skuleveg for 1.-4. klassingane og denne aldersgruppa har såleis krav på gratis skuleskyss.

Skysskort/verdikort

Elevar som skal ta buss utan gyldig skysskort eller rekvisisjon, må betala for skyssen.

På Kringom sine nettsider kan du lese om kjøp av skysskort/verdikort/månadskort for dei som ikkje har rett på fri skuleskyss: Verdikort kan ein kjøpe direkte på bussen. Det fungerar som eit klippekort.