Permisjon frå pliktig undervisning

Du kan søkja om permisjon frå undervisning i opptil 10 dagar per skuleår. Her finn du informasjon om kva du må ta omsyn til og korleis du søkjer.

Retningslinene kort oppsummert

Det er ingen rett til å få permisjon frå undervisninga, og alle søknadar blir vurdert individuelt.

Elevar frå andre trusamfunn enn Den norske kyrkja har rett til permisjon dei dagane trusamfunnet har høgtidsdag.

Eleven har ikkje rett til erstatning for tapt undervisning på grunn av permisjon, så det er du som forelder som har ansvar for å sørgje for nødvendig undervisning i permisjonstida.

Når vert det ikkje gitt permisjon?

Permisjon vert ikkje innvilga under

  • statlege kartlegginsprøver
  • nasjonale prøver
  • viktige vurderingssituasjonar på ungdomsskulen
  • prøveeksamen og eksamen

Det vert heller ikkje gitt permisjon i følgjande periodar:

  • Frå skuleårets start til haustferien for 1. trinn.
  • Første skuleveka i august for 8. trinn.
  • Første termin på 10. trinn, fram til eksamen er ferdig.

Sjå heile forskrifta om permisjon frå obligatorisk undervisning i grunnskulen.

Slik søkjer du

Det er ingen søknadsfrist, men husk å søkje i god tid før du ønskjer permisjon, sidan behandlingstida kan variere.

Søk permisjon frå obligatorisk undervisning

Du vil få svar på søknaden i di digitale postkasse eller som brev innan 10 dagar.

Har du spørsmål?

Om du har spørsmål om permisjon frå undervisninga, ta kontakt med rektor.

Kontaktkort

Magne Klepp
Rektor Lærdalsøyri skule
E.
Linda Maristuen
Rektor Borgund skule
E.