Kven kan ta kontakt?
Ta kontakt med oss om du sjølv er utsett for eller kjenner til at barn og unge blir utsette for:
- Vald eller er vitne til vald
- Seksuelle overgrep
- Sterk konflikt mellom foreldre
- Foreldre som rusar seg med alkohol og/eller narkotika
- Omsorgssvikt
- Kjønnslemlesting
- Tvangsgifta
Kva kan eg få hjelp til?
Vi hjelper familiar i krise som treng akutt hjelp. Vi gir råd og rettleiing, også utan å melde inn ei sak.
Treng du hjelp til å melde inn ei uro, hjelper vi deg også med det.
Alarmtelefonen for barn og unge
Er du mellom 7-18 år og treng hjelp eller kjenner nokon som gjer det? Da kan du ringe alarmtelefonen for barn og unge.
Telefonnummeret er 116 111. Det er gratis å ringe.
Der vil du kome i kontakt med ein vaksen som har lang erfaring i å hjelpe barn og unge.
Les gjerne meir om alarmtelefonen om du har spørsmål.