Standardsatsane for barnehage finn du ved å klikka på denne lenkja.
Ordningane med redusert betaling heng saman med inntektene til gjeldande husstand.
Ingen skal betala meir enn 6 prosent av samla inntekt for ein barnehageplass.
For å koma til søknadsskjema for redusert foreldrebetaling, klikk på denne lenkja.
I tillegg har alle 2- til 5-åringar - og born med utsett skulestart - som bur i husstandar med låg inntekt rett til å få 20 timar gratis kjernetid i barnehage per veke. Frå og med 1. august 2022 gjeld dette for husstandar som har ei samla inntekt som er lågare enn 598 825 kroner per år. Du kan lese meir om regelverk og tilsyn for barnehage på utdanningsdirektoratet sin heimeside, klikk på denne lenkja for å lesa meir.
Om ordningane
Som husstand vert rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Der barnet/ barna bur fast hjå begge foreldra, skal betalinga reknast ut i frå inntekta i den heimen der barnet er registrert i folkeregisteret. Foreldrebetalinga skal reknast ut i frå samla kapital- og personinntekt i husstanden.
Du treng berre sende ein søknad. Oppfyller du krava til redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid, vil dette bli innvilga gjennom søknad om redusert foreldrebetaling.
Me gjer merksam på at alle må søkje på nytt ved kvart barnehageår og leggje ved siste sjølvmelding.
Retten til moderasjon gjeld frå og med fyrste heile månaden etter søknadstidspunktet.