Søk om tilskotNæring- og konsesjonsavgiftsfondet i Lærdal kommune skal primært nyttast til å fremja etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikling av eksisterande verksemder i kommunen. Nærings- og konsesjonsavgiftsfondet blir årleg tilført midlar gjennom konsesjonsavgifta frå Østfold Energi. Desse midlane skal nyttast til næringsutvikling gjennom arbeid med næringsutvikling i kommunal regi eller tilskot til næringsdrivande. Søk om tilskotFrå denne ordninga kan ein hovudsakleg søkja om tilskot til:BedriftsetableringVidareutvikling av bedriftaForstudie/forprosjektInvesteringKompetansehevande tiltak i bedriftaTrykk på lenkja for å opna søknadsskjema, som kan lastast ned og fyllast ut: Søknadsskjema for næring- og konsesjonsavgiftsfondet (DOC, 102 kB)Vedlegg til søknaden: Mal for forretningsplan (DOC, 165 kB)Det kan vera lurt å lesa vedtektene for nærings- og konsesjonsavgiftsfondet når ein skal søkja om tilskot (PDF, 286 kB).Saksgang ved søknad om tilskotAlle som ynskjer å søkje om tilskot frå nærings- og konsesjonsavgiftsfondet vert oppmoda om å ta kontakt med næringsrådgjevar i kommunen for ein førehandskonferanseAlle vert oppmoda om å nytta søknadsskjema som ligg tilgjengeleg på denne sidaSøknaden blir handsama av næringsrådgjavar og blir i hovudsak avgjort av formannskapet som er fondstyret. Enkelte saker kan handsamast innafor kommunedirektøren sin delegerte fullmakt. Ved tilsagn får søkjar tilsendt brev om vedtak, og det vert sendt ut eige tilskotsbrev med informasjon om vilkår for tilskotet, og skjema for aksept av vilkåra som gjeld for tilskotet. Skjema for aksept av vilkår skal fyllast ut og returnerast til kommunen før tilskotet kan effektuerast.Ved avslag får søkjar tilsendt brev om vedtak med informasjon om klagefristVed tildeling av tilskot frå kommunen gjeld i all hovudsak reglane for bagatellmessig støtte.