Skjenkeløyve for ope eller lukka arrangementSkal du arrangera eit arrangement på ein offentlig stad må du søkja om skjenkeløyve. Når må ein søkje?Du må søkje om skjenkeløyve dersomdu leiger lokale, tar betalt for alkohol eller dersom lokalet berre har serveringsløyvedu skal servere alkohol i eit lukka selskap som til dømes bryllaup, jubileum eller interne arrangement i firmadu skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokale utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa områdeKva er eit lukka arrangement?Arrangementet reknast som lukka dersomgjestene er personleg invitert og meldt seg på før arrangementet startardeltakarane har ei eller anna tilknyting til den som invitererarrangementet ikkje er ope for utanforståandearrangementet har eit bestemt føremål eller anledning, som til dømes bryllaup, konfirmasjon eller jubileum.Arrangement som ikkje reknast som lukka, er til dømesvanlege medlemsmøter i ein foreiningsamankomstar for idrettslag, klubbar, organisasjonar og liknandestudentfestar og russearrangementkundekveldar, mat- og vinkurs, kunstutstillingar, VIP-arrangementarrangement som har avgrensa tilgang, men der det ikkje ligg føre nødvendig tilknyting til den eller dei som inviterer - til dømes veners vener-fest, grendafest e.l.Hvis arrangementet ikkje oppfyller krava til lukka arrangement, må du søkja om løyve for ope arrangement. Eventuelt kan verksemd som har fast skjenkeløyve søkja utvida skjenkeløyve for einskildarrangement.Søk om skjenkeløyve for arrangementDu søkjer om skjenkeløyve for arrangement ved å fylla ut skjemaet under.Søk om skjenkeløyve for arrangement Sist endret 16.06.2025 21:04