SkjenkebevillingHar du serveringsbevilling frå før og ønskjer å skjenka alkohol, må du søkja om skjenkebevilling.Slik får du skjenkeløyveStyrar og stedfortreder må ha bestått kunnskapsprøven for å kunne søkje om skjenkeløyve.Det er krav om uklanderleg vandel i samsvar med alkohollova. Vi innhentar vandelsuttale frå politiet.Styrar og stedfortreder må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling.Styrar og stedfortreder må vere over 20 år.Søk om eller endre skjenkeløyveDu søkjer om eller gjer endringar i ein skjenkeløyve ved å fylle ut skjemaet under.Søk om eller endre skjenkeløyveDokumentasjon til søknadFirmaattest for alle selskap som er involverte i drifta. Teikningar av skjenke- og serveringsarealet det blir søkt løyve for både ute og inne.Dokumentasjon for bestått etablerarprøve.Dokumentasjon for bestått kunnskapsprøve i alkohollova for skjenkestyrar og stedfortreder.Leigekontrakt, framleigekontrakt eller franchiseavtale når løyvesøkjar ikkje eig lokala sjølv.Ferdigattest eller bruksløyve for bygningen/lokalaSkatteattest for løyvehavar. Sist endret 10.06.2025 11:32