ServeringsløyveNår treng du serveringsløyve?Planlegg du å starte ein stad der det blir servert mat eller drikke, må du ha serveringsløyve.Ein serveringsstad er ein stad der det blir servert mat og/eller drikke og der gjestene kan ete og/eller drikke på staden. Serveringsstader kan vere restaurantar, kafear, konditori, gatekjøkken, potetvogner, pubar og bensinstasjonar.Skal du starte ein serveringsstad som har skjenking av alkohol? Då må du også søkje om skjenkeløyve. Slik får du serveringsløyveDagleg leiar ved staden må ha bestått etablerarprøva for å kunne søkje om serveringsløyve. Løyvet blir gitt til selskapet som eig staden.Serveringslova stiller krav om uklanderleg vandel. Vi hentar inn vandelsuttale frå politiet.Om det er eit eigarskifte må du søkje om eige serveringsløyve seinast 30 dagar etter at du inngjekk avtale om overtaking.Søk om eller endre serveringsløyveDu søker om eller gjer endringar i eit serveringsløyve ved å fylle ut skjemaet under.Søk om eller endre serveringsløyveDokumentasjon til søknadFirmaattest for alle selskap som er involverte i drifta. Teikningar av skjenke- og serveringsarealet det blir søkt løyve for både ute og inne.Dokumentasjon for bestått etablerarprøve.Leigekontrakt, framleigekontrakt eller franchiseavtale når løyvesøkjar ikkje eig lokala sjølv.Ferdigattest eller bruksløyve for bygningen/lokalaSkatteattest for løyvehavar. Sist endret 10.06.2025 11:31