Salsløyve for alkohol

For å selja alkohol må utsalsstaden ha eit salsløyve. 

Når treng du salsløyve? 

Butikkar som skal selje alkohol, må søkje om salsløyve. Salsløyve gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol.

Bensinstasjonar, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve.

Slik får du salsløyve 

  • Løyvet vert gitt til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet.
  • Det er krav om uklanderleg vandel i høve alkohollova. Vi hentar inn vandelutgreiing frå skattemyndigheiten og politiet.
  • I søknaden må du gi opplysningar om staden, eigarforhold og kven som skal vere styrar og stedfortredar.
  • Styrar og stedfortredar må ha bestått kunnskapsprøva for å kunne søkje om salsløyve.

Søk om eller endre salsløyve

Du søkjer om eller gjer endringar i salsløyve ved å fylle ut skjemaet under.

Søk om eller endre salsløyve 

Dokumentasjon til søknad 

  • Aksjeselskap må sende inn aksjeeigarbok med revisors stadfesting på eigarforholda i verksemda.
  • Opplysningar om eventuelle bakomliggande eigarforhold.
  • Leigekontrakt, framleigekontrakt eller franchiseavtale når løyvesøkjar ikkje eig lokala sjølv..
  • Stadfesting på at styrar og stedfortredar har bestått kunnskapsprøva
  • Eventuell kjøpekontrakt.

Kontaktkort

Ole Ramshus Sælthun
Rådgjevar kultur og kommunikasjon
E.