Alle som sel tobakksvarer skal vera registrert i tobakkssalsregisteret.
Registrering og avregistrering i tobakkssalgsregisteret
Les meir om korleis du registrerer og avregistrerer tobakkssalg hos Helsedirektoratet.
Kontroll av tobakkssalg
Kommunen kontrollerer alle stader som sel tobakkvarer til forbrukar.
Vi ser blant anna etter at:
- opplysningane i tobakkssalgsregisteret stemmer med opplysningane på salsstaden
- tobakkvarer ikkje blir seld til personar under 18 år
- det ikkje blir reklamert for tobakkvarer
- tobakkvarer ikkje blir seld med rabatt eller gitt bort
- varene er kjøpt frå ein registrert grossist
- salsstaden har ein internkontroll som gir dei tilsette god nok kunnskap om regelverket
Brot på tobakksskadelovgivinga
Brot på regelverket kan føre til forskjellige reaksjonar:
- retting av det ulovlege tilhøvet
- salsforbod i ein periode
- tvangsmulkt
Lover og regler
Sist endret 16.06.2025 21:09