Kunnskapsprøven

Det er tre ulike kunnskapsprøver. Ein for salgsløyve i butikk, ein for skjenkeløyve på skjenkestader og ein for kontrollørar. 

Kven kan ta prøva? 

Alle som ønskjer kan ta kunnskapsprøvane. Den som skal vere styrar eller stadfortredar på ein stad med sals- eller skjenkebevilling må ha bestått kunnskapsprøva, og ha fylt 20 år.

Kor tek du prøva?

Etablerarprøva må takast på Lærdal rådhus. Ta kontakt med servicetorget.

Besøksadresse
Øyraplassen 7
6887 Lærdal

Bestille time

Ring oss på telefon 57641200 for å bestille time.

Gjennomføring av prøvane 

  • Oppmøte på servicetorget på rådhuset til avtalt tidspunkt. Møt gjerne 15 minutt før prøva skal begynne. 
  • Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilete.) 
  • Prøva kostar 400 kroner pr. gong. Du må betale med bankkort. 
  • Prøva er ein fleirvalsprøve på 60 minutt. Du må svare riktig på 24 av 30 spørsmål.
  • Prøva er på norsk. Det er ikkje høve til å ha med seg tolk. Det er tillate å ha med seg ordbok.

Kva er pensum 

  • Pensum for salsbevilling: Kunnskap om alkohollova sine kapittel 1,3,7,8 og 9 og alkoholforskrifta sine kapittel 1, 2, 3, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14.
  • Pensum for skjenkebevilling: Kunnskap om alkohollova sine kapittel 1, 4, 5, 7, 8 og 9 og alkoholforskrifta sine kapittel  1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 10, 11, og 14.

Boka "Kunnskapsprøva i alkohollova" inneheld det du treng å vite før du gjennomfører kunnskapsprøva i alkohollova for salsbevilling og for skjenkebevilling. Boka "Kunnskapsprøva i alkohollova" kan du kjøpe på vinn.no.

Prøvebevis 

Alle som består kunnskapsprøva får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollovgivinga. Beviset er gyldig på ubestemt tid. 

Mistar du prøvebeviset, ta kontakt med kommunen der du tok prøva.