Etablererprøven

Kven kan ta prøva?

Alle som ønskjer det kan ta etablerarprøva. Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad må ha bestått etablerarprøva, og ha fylt 18 år.

Kor tek du prøva?

Etablerarprøva må takast på Lærdal rådhus. Ta kontakt med servicetorget.

Besøksadresse
Øyraplassen 7
6887 Lærdal

Bestille time

Ring oss på telefon 57641200 for å bestille time.

Gjennomføring av prøva

  • Oppmøte på servicetorget på rådhuset til avtalt tidspunkt. Møt gjerne 15 minutt før prøva skal byrje.
  • Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilete)
  • Prøva kostar 400 kroner pr. gong. Du må betale med bankkort. 
  • Prøva er ei fleirvalsprøve på 90 minutt. Du må svare riktig på 40 av 50 spørsmål.
  • Tillatne hjelpemiddel på prøva er lovsamlingar. Desse får du utlevert før prøva. Ordbok er ikkje tillaten hjelpemiddel.

Kva er pensum

Boka "Læremateriell - Etablerarprøva for serveringsverksemder" er pensum, og kan kjøpast hos VINN (vinn.no). Boka kostar 400 kroner.

Prøvebevis

Alle som består etablerarprøva får eit prøvingsbevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om serveringslova. Beviset er gyldig på ubestemt tid.

Mistar du prøvingsbeviset, ta kontakt med kommunen der du tok prøva.