Utlysing av verdsarvmidlar 2025Aurland kommune lyser med dette ut tilskot til tiltak i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjorden. Søknadsfristen er fortløpande med siste frist 1.september 2025. Geiter på beite Magnhild Aspevik Søknad skal sendast inn elektronisk via Altinn. Her er link til informasjon og skjema. Tildeling av midlar vert i tråd med utarbeida reglar for ordninga. Formålet med tilskotsordninga er å styrke landbruket i verdsarvområda. Dette vert lagt til grunn for kommunen sin forvaltning av ordninga. Ramma til disposisjon i 2025 er om lag kr 4.000.000. Kommunen har sett opp fylgjande budsjett for bruk av midlane: Årlege tiltak: kr 3.200.000 Andre tiltak: kr 800.000 For spørsmål om tilskotsordninga, ta kontakt med landbrukskontoret. Kontaktinformasjon: Bengt Erlend Skjerdal – sakshandsamar Magnhild Aspevik – landbrukssjef