Fiskefonda i Lærdal og Årdal

I både Lærdal og Årdal har det vorte oppretta fiskefond i samband med kraftutbygging som skal bidra til god fiskeforvalting. 

Lærdal kommune - fiskefond II

Fiskefond II i Lærdal kommune vart oppretta i 1965 i samband med løyve til utbygging av Lærdalsvassdraget. Frå utbyggjar får fondet årleg tilført midlar. I 2005 vart beløpet oppjustert til kr 206.158 (justering kvart 20 år).
 
Formålet med fondet:
Midlane skal nyttast til å fremja aurefiske i regulerte og uregulerte vassdrag (gjeld ikkje i vassdrag der det er anadrom laksefisk) 
 
Lærdal kommunestyre har vedteke retninsliner for fiskefond II, som du kan lesa ved å klikka på denne lenkja 

Tinging av setjefisk i Lærdal

I tråd med lokale retningslinjer for Fiskefond II, kan det tingast setjefisk (aure) for utsetting i fjellvatn.

Skjema for utfylling for tinging av setjefisk kan ein laste ned ved å klikka her (PDF, 12 kB), og dette skal leverast til Lærdal kommune seinast 1. februar.

Årdal kommune - fiskefond

Fiskefond i Årdal kommune vart oppretta i 1984 i samband med løyve til utbygging av Nyset-Steiggjevassdraga. Frå utbyggjar, Østfold Energi, får fondet årleg tilført midlar. I 2008 utgjer dette beløpet kr 100.968. Fiskefondet har utarbeida vedtekter, og konto i Indre Sogn Sparebank.

Årdal kommunestyre har vedteke retninsliner for fiskefond, som du kan lesa ved å klikka på denne lenkja 
 
Formålet med fondet:
Midlane skal nyttast til kultivering og fremjing av fiske i elvar og vatn i Årdal kommune, og komma ålmenta til gode.

Kontaktkort

Magnhild Aspevik
Landbrukssjef
E.